Personlig utleverende småtekster

 Norsk skjønnlitteratur

Utenlandsk skjønnlitteratur

Sakprosa

Bilder     

Debatter:

Tyske tekster

Om meg:

 

”Feindberührung”

No er det ikkje nokon veg attende, vi er i Tyskland. Eg kjenner Otto Baus frå før, frå 1994, då han gjorde den sentimentale reisa si nordover til Batterie Dietl i Steigen. Kystfortet Batterie Dietl har vorte museum no, men under krigen var det sjølve nytida, moderniteten. Då kom storverda trampande inn i ei bortgøymd lita grend. Moderne teknologi, bygging av infrastruktur, tusenar av folk frå mest heile verda, store ting. Og då var Otto Baus telegrafist her og fanga opp radiomeldingane frå dei som vakta innseglinga til Narvik, Vestfjorden. For det meste var det ikkje stort her for ein tyskar å skrive heim om. Dei skotsalvane som vart avfyrde av dei store kanonane var prøveskyting. Elles inga skotveksling, inga ’Feindberührung’, russarane stod lengre nord.

Men skyting av verjelause krigsfangar var dagleg kost. Slike som ikkje klarte å reise seg att etter ein omgang pryl med geværkolbane. Eller til dømes han som sneik seg inn i naustet for å stele av fangsten ein nabo hadde hengd frå seg. Ein vaktpost fekk auge på han, gjekk inn i naustet og skaut. Russaren seig over ende i båten og vart liggande der til han blødde i hel. Fleire såg på då tyskaren kom ut att, korleis han med kald ro stakk pistolen attende i hylsteret. Som hadde han skote ei kråke til å hengje opp til skremsel, så godtfolk kunne behalde maten sin i fred for frekke fuglar. Folk her omkring hadde ikkje sett slikt før. Dei hadde aldri måtta skrubba anna enn fiskeblod frå båtborda sine.

Men eg har alt spora av med dei dystre tankane mine. Slike hendingar visste ikkje Baus noko av, der han sat i telegrafistbrakka si. Ein russar hadde endå til vore med å byggje ho, fortalde han: ”Ein guter Mensch.   - For meg var han ingen fiende, ingen russar, ingen fange, - han var berre eit menneske.”, sa Otto. Peace and love. Og no står Otto der på perrongen. Ein gutaktig, smilande kar på 84. Han tek imot meg og Clive, kameramannen, som var vi nære vener som han ikkje har sett på alt for lenge. Otto er eit godt menneske, tenkjer eg. Ein trufast, lojal kar. Han sender julehelsingar og spør etter far min. Men no skal han altså verte tyskar att, eksfiende, verte avhøyrd som fange av ei fortid vi nordmenn ikkje kan gløyme. 

Men ein ny generasjon må kunne gå vidare utan at venskap og tillit skal bryte saman under vekta av alt det fryktelege som har skjedd det siste hundreåret. Kanskje vert intervjuet vårt sett av ’gode nordmenn’ som trur at vald og faenskap ikkje ligg for oss norskingar. Slike som, i det mon dei ser seg om i verda, ser seg om i rasande indignasjon eller i vantru. Kanskje dei trur at vårt eige historiske unntakstilfelle av tryggleik og fred er det normale. Kanskje dei vert styrka i trua på at ukritisk lojalitet og likesele til statleg vald er eit slag spesiell defekt for tyskarar og amerikanarar. Kanskje dei trur dei er kritiske når dei samlar på gamal urett som var det årgangsvin, og ikkje let seg ”lure” av nokon vennleg turist frå feil land. Kanskje dei førar rekneskap over faenskapen, slik berre bitre ektefolk kan det. Kanskje gjev eg berre dumskapen meir vatn på mølla når dei får sjå ennå ein ”upolitisk”, systemlojal tyskar i fri dressur?
 
Men kjære folk. Ein kan då ikkje gjere eit intervju om og med den tyske okkupasjonsmakta til bruk for museet i Batterie Dietl og så berre prate om midnattssol og snø som fell for 60 år sidan. Under førebuingane snakka eg i to timar med ein anna kar som og var her under krigen. Ein kunnskapsrik, velartikulert, venleg mann som gjerne let seg intervjue. Då han var blitt varm i trøya forklarte han meg korleis jødane kontrollerte dei allierte som rotta seg saman mot Tyskland. Gute Nacht og takk til deg. Å gjere nazismen anstendig er ikkje mi oppgåve. Vi tek heller Otto Baus,  - ’Otto Normalbürger’ som tyskarane kallar sin ekvivalent til Ola Nordmann. Kan han kaste ljos over noko allment, tru? Og korleis møter vi alle desse venlege, anstendige gamle folka som i praksis var eit lite hjul i dette drapsmaskineriet, og som såg og framleis ser på sitt bidrag som ei pålagt teneste til beste for fellesskapen?

Kvifor kjenner nordmenn flest seg så moralsk overlegne når dei møter gamle tyskarar? Vi som etter felles, avtala NATO-strategi på førehand har akseptert at fleire russiske millionbyar skal verte utsletta med våre atomvåpen dersom eit russisk, konvensjonelt angrep ikkje let seg stogge.  Skulle nokon av oss overleve, kjem det kanskje ein dag ein ung spirrevipp og spør oss:
Korleis kunne du lojalt delta i eit slikt brotsverk mot det russiske folk, eit slikt soleklart folkerettsbrot, ein slik massiv bruk av terror mot sivile?” Innlysande spørsmål etter ein atomkrig – utenkjelege i dag. I dag er det oss som stiller spørsmåla, vi som hadde lukka å verte fødde inn på ”den rette sida” av ein verdskrig vi ikkje deltok i.  Kan du ikkje berre la denne gamle mannen i fred, tenkjer eg, mens eg går i møtes med Otto Baus. Tyskaren, eksfienden, venen, medmennesket.

Og Baus fortel. Om sin kommunistiske far som ikkje likte at han spela fotball saman med dei andre som også vart med i Hitler-Jugend. Om filmen ”Vår marine” som overtydde han om at å verte telegrafist i marinen var tingen. Om kor trygge dei kjende seg. Unge, usårlege, eventyrlystne. Kor glade han og kameratane vart då innkallinga kom i 39. Endeleg tok livet til. ”Kva visste vel vi om kva krig er for noko?”  Sjølv då Hamburg vart bomba valde dei å bli om bord i den vesle minesveiparen. Dei hadde jo antiluftskyts og ein jobb å gjere. På denne helga døyde nær 40 000, dei fleste sivile. Men ingen om bord snakka om krigsbrotsverk, bombinga var ”heilt normal”, seier Baus. Etter eit flyangrep var det alltid tid for øl.

 

 

 

Vi blar vidare i albumet. I 1940 kom han til Noreg, til Oslo. ”Og Karl Johan ser jo mest like dan ut no som den gongen!”  Uvant for ein tyskar, slikt.

Vi ser på gamle bilete frå Steigen, frå ablegøyer og kortspel. Batterisjefen spelar trommer. ”Ein skulle ikkje tru vi var med på noko så alvorleg som krig”. Otto fortel om ulike vener og deira ferd vidare i livet. Om si eiga ferd, kor heldig han i grunnen har vore. Då og seinare.

 

 

 

 

Neste dag treff vi ein gjeng veteranar frå marinen og konene deira. Dei kjem saman i eit lite klubblokale ein gong i veka. Hundrevis av dugnadstimar er lagt ned her, og lokalet er smykka med dei utruligaste ting. Veldig stilig gjort, stort sett. Skilpaddeskal heng i taket, og sjå der har vi Storadmiral Dönitz på veggen, ja. Hm. Og eit bilde av ein sjømann som går ned medan han held flagget i handa, frå første verdskrigen. Har vi hamna i ”feil film” som tyskarane seier? Nokre sel heimelaga mat av ulike slag, drøset går rundt borda. Ein mann tek fram trekkspelet, folk syng med. ”Seemann, lass das Träumen” Det heile er lett surrealistisk, som om vi er i ein tidsmaskin. Alle er så venlege, maten er nydeleg, men eg kjenner meg lettare sjøsjuk.                            

Fleire sett seg bortåt, dei fortel og fortel. Endeleg nokon som høyrer på. Ein er sers ivrig. Han er yngst, var berre 14 då krigen slutta. Som dottera mi no. Herregud. Plutseleg får dette munnhellet om kor ung ein var, den gongen, ein ny fylde av meining. Han fortel om ei ung mor som mista fatninga under eit bombeangrep. Ei lyskule på gata kastar eit strime av lys under døra til kjellaren dei ligg i, men mora trur det er frå desse brannstavane engelskmennene nytta for å svi av bustadkvarter.  Ho skrik i skir dødsangst, og han gløymer aldri dei skrika.  Ein annan fortel inngåande og nøkternt om korleis det var å vere ubåtmannskap, den våpengreina som hadde størst tap. Vi diskuterar praksisen med å ikkje ta opp sjøbrotne frå havet, av frykt for nye angrep. Og nokon hadde nyleg sett ein gamal engelsk matros på TV. Han hadde fått ordre om berre å berge dei som sa namn og nummer på båten sin. Han hadde held ein ung gut fast og spurt. Då guten nekta svare, slapp han han ut igjen. Unggutens andlet forfølgde han sidan i tusen mareritt. ”Men det var krig, og det var ein ordre”, forklarar tyskarane meg, den lett verdsfremde ”junge Mann aus Norwegen”, som ikkje har deira erfaring og innstilling. Og som difor ikkje helt skjønar denne fatalismen, - som om krig var eit naturfenomen. veterans

Dei er alle glade for at dei tapte krigen, og for å ha overlevd. Dei klandrar ingen, ikkje ein gong dei som bomba Dresden. Dei er så glade for at det no er fred. Det kjem med overtyding. Samstundes er dei stolte over det dei sjølv ytte og kva dei held ut, den gongen. Lojale på ein ”upolitisk” måte, som var Nazi-Tyskland eit fotballag dei heia på, eit lag som den gongen kom heilt til finalen i verdsmeisterskapen i krig.  Og nokon misunn oss nordmenn og andre som kan ære dei fallne kameratane våre. Eg kjenner meg ikkje særskild privilegert av den grunn. ”Kva hjelp vel æresbevisningane på den ukjende soldats grav dei fallne?”, spurde Kurt Tucholsky i tidsskriftet ”Die Weltbühne” i mellomkrigstida. Og han held fram: ”Lat den ukjende soldat leve, så kan vi ære han” Det gjekk ikkje slik. Den jødiske kosmopolittens stemme drukna i eit varmt sameinande nasjonalt brøl, og det vart etter kvart mange namn å skrive inn i messingtavler rundt om.
Er det fascisme å halde med tyskarane når ein er tysk? I så fall var dei fleste fascistar, den gongen, også dei som no seier ”det var bra vi tapte krigen”. Sjølv den kjende anti-nazisten Heinrich Böll skreiv i 1944 at ”vi vil sigre fordi vi må sigre!” Nasjonalismen og gruppetilhøyringa er eit sterkt lim, då som no. Men har vi tenkt over kva vår eigen lojalitet kan verte brukt til? Er vi så mykje meir vakne medborgarar enn dei var? Eg tillet meg å tvile. Og det gjer meg både skremd og samstundes vemodig i slekt med desse gamlingane som gjer krokut honnør framfor ei minnetavle over fallne kameratar som dei ein gong var unge saman med.

Ivar Bakke